GovBidAlerts
← My Opportunities
ANNOUNCEMENT_OF_COMPETITIONopen🌐 Norway (Doffin)2026-116150

Nytt biblioteksystem til vidaregåande skolebibliotek

Møre og Romsdal Fylkeskommune

All open bids & awards from Møre og Romsdal Fylkeskommune →

Description

Bakgrunn Møre og Romsdal fylkeskommune (oppdragsgivar) treng nytt biblioteksystem til 20 vidaregåande skolar. Dette gjeld både skolar med skolebibliotek som låner ut eit mangfald av litteratur og materiale, og skolar som berre låner ut lærebøker. Systemet må støtte skolebiblioteka, skolebibliotekarar og andre tilsette tilknytt skolebibliotek og/eller lærebokutlån i deira arbeidsflyt. Systemet må vere eit høveleg verktøy slik at skolebiblioteka kan skjøtte sin ansvar etter opplæringslova § 15-5 og opplæringsforskrifta § 11-2. Generelt Biblioteksystemet er det viktigaste arbeidsverktøyet for dei tilsette. Kjernefunksjonar er å halde oversikt over dei fysiske samlingane til biblioteket, gi oversikt over lånarar og utlån, og tilby eit søkjegrensesnitt for tilsette og brukarar. Biblioteksystemet er òg inngangsporten til samlinga for publikum, og det er difor sentralt at brukargrensesnittet er funksjonelt og tilgjengeleg. Det er viktig at biblioteksystemet tar omsyn til dei til ei kvar tid gjeldande reglane for GDPR og har fokus på informasjonstryggleik. Oppdragsgivar ønskjer å skaffe standard hyllevare der tilpassing til behov blir gjort gjennom konfigurasjonar av løysingane til leverandør, ikkje gjennom utvikling. Biblioteksystemet skal vere på norsk. Føremål og omfang Det er totalt 20 offentlege vidaregåande skolar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Av desse skal 18 vidaregåande skolar ha nytt/eige biblioteksystem. Dei to skolebiblioteka som ikkje skal ha biblioteksystem, har avtale med det lokale folkebiblioteket om felles drift. Desse to er likevel inkludert i konkurransen med opsjon. Dei 18 vidaregåande skolane nyttar i dag Bibliofil. Skolebiblioteka har åtskilte databasar med eigne metadata og eiga samlingsstruktur. Det er ønskeleg at nytt biblioteksystem kan bidra til at skolebiblioteka utviklar tettare samarbeid og felles driftsrutinar. Ein sentral del av konkurransen handlar difor om høvet til å samle og reinse metadata skolane no har kvar for seg, til ein felles katalog der biblioteka i størst mogleg grad berre treng å gjere arbeidsprosessar éin gong. Det mest sentrale i eit slikt fellesskap er lærebøkene. Felles katalog for andre materiale er difor tatt inn i konkurransen med opsjon. Mål med anskaffinga Oppdragsgivar har som mål å sikre ei effektiv og innovativ drift og utvikling av biblioteka ved at biblioteksystemet: dekkjer alle kjernefunksjonar for drift av eit moderne skolebibliotek har effektive og automatiserte arbeidsprosessar støttar innovativ utvikling av tenestetilbodet til skolebiblioteka støttar aktiv formidling støttar gode og optimaliserte tenester for elevar, skolebibliotekarar og tilsette elles kan tilpassast lokale tilhøve er open og kan integrerast med andre system og løysingar tilbyr eit raskt og stabilt system som alltid er tilgjengeleg har gode løysingar for felles drift og samarbeid, med lokale tilpassingar

Details

Posted
Oct 17, 2026
Response deadline
Nov 10, 2026, 11:00 AM UTC (4d)
Type
ANNOUNCEMENT_OF_COMPETITION
Status
open
Buyer
Møre og Romsdal Fylkeskommune
Jurisdiction
Norway (Doffin)
Reference #
2026-116150
Has Description
true
All Types
COMPETITION, ANNOUNCEMENT_OF_COMPETITION
Issue Date
Oct 16, 2026
Estimated Value Amount
1600000
Estimated Value Currency Code
NOK
Place Of Performance
Møre og Romsdal
Other
Sent To Ted: false

Similar open opportunities

See opportunities like this one

GovBidAlerts matches this solicitation to similar open bids across 111,000+ open bids from 2,500+ sources. Create a free account to unlock them.

Create free accountno credit card required

This listing is a summary from Norway (Doffin)'s open procurement data. We ingest every field the feed publishes; the full solicitation documents are on the source portal.